ein historisk dag.
Historisk, som i "eg har pugga til historieprøve og det var kjempekjedeleg." Men det er ikkje berre det dagen har gått til. Eg stod opp til ein tidleg frukost, for deretter å kaste på meg varme kle og stikke på tur saman med mamma (mamma er forresten den finaste personen eg veit om - men det betyr ikkje at eg er meir glad i ho enn i pappa). Deretter var det dags for litt lunsj, som bestod av ein vidunderleg salat med paprika, fetaost, avokado og bacon, og til slutt bestilte eg meg tre plagg pluss eit par sko i HM. Så var det dags for historielesing.. som eg berre kan skildre som eit naudsynt "må, men likar ikkje" - prosjekt. Kryss fingrane for meg imorgon? Utanom det har eg blitt veldig opptatt av ordtak/sitat o.l, og leitar rundt på internett etter eit som berre treff meg midt i hjarterota. Eg har endå ikkje funne "det perfekte sitat", men eg har jo nokre som eg syns er veldig fine: "Ta vinden som den blåser, regnet som det faller og kvinnen som hun er."
Forresten, så trur eg at eg har vore i den fare å gje uttrykk for at eg er ein reser på å strikke - difor vil eg berre gjere det klart at det er eg ikkje, og det pannebandet eg nevnte eg skulle strikke i går kveld.. Vel.. Du kan seie det slik at det er 5% strikka av meg, resten har mamma tatt seg av. Altså, eg klarar å strikke, men det går dugeleg treigt, det går fort i gløymeboka og typ tre gongar måtte mamma hjelpe meg fordi eg hadde klart å rote det til. Eg tvilar på at eg kjem til å bli ei god bestemor (og dette uttalar eg meg om etter snaue nitten års erfaring, snakkar vi pessimist, eller?).
Vil du fortelja meg om din sundag?